Frist: 5. mai

Vil du vera med å vidareutvikla, fornya og profesjonalisera nye Sogndal kommune?

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Nye Sogndal kommune vil modernisera, effektivisera og vidareutvikla kommunen som forvaltningsorgan, men og dialogen med innbyggjarar, lag- og organisasjonar og næringsliv. Me skal verte ein god klarspråk-kommune med opne og transparente prosessar.

Nye Sogndal kommune søkjer

  • Juridisk rådgjevar/jurist
  • Kommunikasjonsrådgjevar
  • Leiar av IKT og digitalisering

 

Juridisk rådgjevar/jurist
Tenestestad: Leikanger

Juridisk rådgjevar vil arbeide innan kommunen sine ulike rettsområde, som til dømes innkjøp og personalfeltet.

Vi søkjer etter den rette som kan vera med å vidareutvikle og effektivisere heile organisasjonen. Sogndal kommune vil møta innbyggjarar, næringsliv, organisasjonar og andre samarbeidspartar på profesjonelt og ope vis. Stillinga vil vere sentral for heile organisasjonen.

 

Kommunikasjonsrådgjevar
Tenestestad: Leikanger

Nye Sogndal kommune ønskjer å framstå som moderne og profesjonelle i vår interne og eksterne kommunikasjon. Vi vil sikra opne prosessar og god innbyggjardialog. Vi vil og verte ein god "klar-språkkommune".

Vi søkjer etter ein initiativtik, systematisk og fagleg dyktig og trygg kommunikasjonsansvarleg. Du må ha god kompetanse med IT verktøy, ulike fagsystem, sosiale media, video, biletebruk og grafisk design. Du vert og ansvarleg for innbyggjar- og brukarundersøkingar.

 

Leiar av IKT og digitalisering
Tenestestad: Sogndal

Nye Sogndal kommune har ledig stilling som avdelingsleiar/leiar av IKT og digitalisering. Når det gjeld drift av IKT systema har vi samarbeid med driftsselskapet SYSIKT. I politisk plattform for samanslåinga, heiter det at vi skal verte ein heildigital kommune. Det pågår store og godt drivne IKT- delprosjekt i samband med samanslåinga, arbeidet set store krav til systematikk, prosjektleiing, økonomiforståing og måloppnåing. Erfaring frå IKT drift og utvikling er viktig, vi ønskjer deg som likar samarbeid på tvers internt og eksternt. IKT ska vera ei sentral serviceeining. Du får stor påverknad på utviklinga av den nye kommunen vår. Du vil ha delegert fag, personal- og økonomiansvar for IKT-gruppa + lærlingar.

 

Søknadsfrist 5. mai

Sjå meir informasjon om stillingane på heimesida eller finn.no.

 

Kontaktpersonar

Prosjektrådmann 
Stig Arne Thune tlf. 950 25 812

Økonomisjef
Marianne Skjeldestad Hove tlf. 907 96 089

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen