Frist: 10. Jan

ViteMeir søkjer formidlingsleiar til nytt vitensenter

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Er du vår nye formidlingsleiar ved vitensenteret på Kaupanger?

Som formidlingsleiar i ViteMeir får du ein spennande moglegheit til å utvikle eit fagleg innhald og besøksoppleving med høg kvalitet i ein ny og unik attraksjon i Sogn og Fjordane.


Arbeidsoppgåver

  • Leie framtidig formidlingseining ved senteret, samt jobbe som formidlar i senteret
  • Følgje opp prosjekt og handlingsplanar for innhaldsutvikling, inkludert læringsprogram
  • Etablere samarbeid med alle målgrupper i samband med innhaldsutvikling
  • Etablere eit fagleg godt forankra lærings- og opplevingstilbod retta mot ulike målgrupper fram mot åpning


Vi søkjer etter

  • Høgare utdanning på minimum 3 år knytt til pedagogikk og digital kompetanse er ein fordel. Erfaring med undervisning er ein fordel. Erfaring kan erstatte manglande formell utdanning
  • Godt nettverk i skuleverket er ein fordel
  • God realfagskunnskap og interesse for MNT faga
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B (reiseverksemd i regionen)


ViteMeir ønskjer ein kreativ person med gode formidlingsevner, som er fleksibel, omgjengeleg, klar for nye utfordringar og jobbar sjølvstendig og strukturert. ViteMeir skal dekke heile Sogn og Fjordane og ein må rekne med ein del reiseaktivitet. Som formidlingsleiar ved ViteMeir må arbeider godt saman med andre kollegaer ved ViteMeir.


Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Unik sjanse til å vere med å bygga det første vitensenteret i Sogn og Fjordane
  • Moglegheit for noko heimekontor
  • Moglegheit til å forme ein ny læringsarena i regionen
  • Ei spennande og utfordrande stilling med varierte oppgåver i eit aktivt og engasjert prosjektmiljø


Spørsmål om stillinga kan rettast til prosjektleiar Marianne Jevnaker på tlf. 481 89 438 eller Adecco ved Andreas Upsahl på tlf. 941 60 566.

Søknadsfrist: 10. januar 2020.

Gå til søknadsskjema
Til toppen