Storstreik avverja – dei fleste partane har kome til einigheit

Lærarane seier nei.

Publisert Sist oppdatert

Etter fleire timar på overtid vert det ingen storstreik i kommunane, melder fleire medium. Det betyr at Sogndal og Luster kommune kan pusta letta ut.

Partane kom til einigheit tysdag ettermiddag, etter å ha sete over eit halvt døgn på overtid.

Meklinga i offentleg sektor, som byrja laurdag 21 mai, skulle vera over måndag klokka 24.

Det er hovudsamanslutningane LO, Unio, YS og Akademikerne som har forhandla med KS om årets lønsoppgjer.

Det meldast ifrå fleire hald om at UNIO er splitta og at Utdanningsforbundet seier nei til avtala.

– KS nedprioriterer nok ein gong skuleverket. Dette er ei rein provokasjon. Lærarløna har vore nedprioritert både på kort og lang sikt, seier forhandlingsleiar i Unio kommune, Steffen Handal, i ei pressemelding gjeve att i NRK.

Handal meiner det ikkje slår godt nok ut for lærarane.

– Den skissa som blei lagt fram var akseptabel for andre Unio-forbund. Eg har respekt for at andre av Unio sine medlemsorganisasjonar har valt å akseptera. Samstundes må eg konstatera at KS aktivt presser fram ei unødvendig konflikt med lærarane.

Akkurat når og kvar ei eventuell lærarstreik vert gjennomført er uvisst. Det vil Utdanningsforbundet koma tilbake med på eit seinare tidspunkt.

Powered by Labrador CMS