LIKE DYRT: I midtre og indre Sogn, som her i Leikanger, bur både nordsidingane og sørsidingane på «feil» side av fjorden når det gjeld straumprisar. Det har vore svært dyre summar å betale denne hausten.

50 prosent høgare straumprisar enn normalt i haust

Straumprisane i tredje kvartal var 50 prosent høgare enn normalt dei siste fem åra, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

Publisert Sist oppdatert

Gjennomsnittleg straumpris for hushalda var 76,3 øre per kilowattime før avgifter og nettleige var rekna inn, ifølgje SSB.

Den totale straumprisen for hushald var i gjennomsnitt 147 øre per kilowattime – 50 prosent over gjennomsnittsnivået i tredje kvartal dei siste fem åra.

Den kraftige prisveksten sør i landet i haust kjem av både låge nivå i vassmagasina og svært høge kraftprisar i store delar av Europa, ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Det var ein liten nedgang i nettleiga etter at Statnett reduserte sin del av nettleiga med 24 prosent i år, for å avhjelpe situasjonen noko for straumkundar som slit økonomisk som følgje av koronapandemien.

Powered by Labrador CMS