To nye ras i Aurland - totalt fire ras

Ras gått på Undredalsvegen.

Publisert Sist oppdatert

Klokka 13:41 melder vegtrafikksentralen at det har gått eit steinras ved Fv. 5625 mellom Aurland og Skjerdal.

Raset skal ha gått i nærleiken av Voldadalane.

Vegen er mellombels stengt.

Klokka 14:25 og 14:26 skriv Vegtrafikksentralen at det har gått ytterlegare to ras i Aurland, denne gongen på Undredalesvegen.

Ny vurdering av opning vil bli teke torsdag klokka 10:00 på Undredalsvegen, og klokka 12:00 på fylkesveg 5635 mellom Aurland og Skjerdal. På rasa ved Gudvangen på E16 ventar ein på attendemelding frå geolog.

Sjeldan mange ras

Trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Vest, Tor Evesen, fortel at alle rasa skapar stort press på entrepenørane i området.

– Det gjer det heilt garantert. Dei må jo priortere ressursane, og det er klart når det skjer så mange hendingar samstundes så lyt ein gjere nokre prioriteringar på kva vegar ein følgjer opp. Fryst og fremst E16 er den vegen me må bruke ressursar på, seier han.

Sjølv om det var sendt ut gult farevarsel i førekant hadde dei ikkje forventa denne mengda med ras.

– At det skulle kome så mange skred i eit såpass lite område er ikkje så vanleg. Det har vore veldig store nedbørsmengder som har bidrege til dette. Det er fleire ras over eit lite omrdåe enn me brukar å oppleve, fortel han.

Sjølv om det blir teke nye vurderingar av vegane i morgon, seier han det er uvisst når vegane vil opne att.

– Det er tidleg å seie, det er vêravhendig ikkje minst. Fyrst må ein ha vêr som tillet at ein kan jobbe trygt og rydde. Så vil sjølve ryddejobben ta tid også. Det avheng av kor stort raset er. Me får kome attende til det i morgon, avsluttar Evensen.

Powered by Labrador CMS