
Fodnestunnelen stengt etter trafikkuhell
Tunnelen i Lærdal vart stengt etter at ein motorsykkel velta. Tunellen er no open igjen.
Me oppdaterer saka.
Tunnelen i Lærdal vart stengt torsdag ettermiddag på grunn av eit trafikkuhell. Vegtrafikksentralen meldte om hendinga på Twitter klokka 14:45 torsdag ettermiddag.
Tunellen opna for trafikk igjen kl 15:26, opplyser operasjonsleiar Stine Mjelde til Porten.
NRK skriv at det heile skal dreie seg om ein motorsykkel som har velta i tunnelen. Føraren får tilsyn av lege, og ingen andre køyretøy skal vere involvert.
Til Porten opplyser operasjonsleiar Mjelde at personen skal vere på beina igjen etter ulykka.
Tore Fanebust i alarmsentralen 110 Vest fortel at motorsykkelen skal ha sklidd på is i tunellen.
Rv5 Fodnestunnelen i Lærdal: Stengt pga trafikkuhell. Nødetater på vei ut.
— Vegtrafikksentralen vest (@VTSvest) April 21, 2022