MC-ulukke i Aurland: Førar sendt til Førde

Publisert Sist oppdatert

I halv eitt tida fredag formiddag melder Vegtrafikksentralen om eit trafikkuhell på Fv. 50 ved Vetlebotnvatnet i Aurland.

Det er redusert framkomelegheit på staden og naudetatar er på veg.

Politiet melder like etter at det er snakk om ei singelulukke der ein MC har køyrd av vegen. Føraren er medviten.

Sendt til Førde

Vest politidistrikt melder klokka 13:35 at føraren av MC-en vert sendt til Førde med luftambulanse.

Føraren er medviten, men har moglegvis pådrege seg mindre brotskader.

Det vert no manuell dirigering på staden fram til bilbergar er på plass.

Powered by Labrador CMS