VANGSNES: To personar var ramma i ulykka.
VANGSNES: To personar var ramma i ulykka.

Trafikkulukke på Vangsnes

To personar er involverte.

Publisert Sist oppdatert

Det har vore ei trafikkulukke mellom Vangsnes og Feis i Vik ved fylkesveg 5602. Det skriv politiet på Twitter like etter klokka 17:00 måndag ettermiddag.

Ein bil har hamna utfor vegen. To personar var i bilen der airbags vart utløyst.

Kl 17:28 skriv politiet at både dei og ambulanse har kome til staden. Bilen skal ikkje vere køyrbar, og det skal vere behov for bilbergar.

– Begge to er vakne og oppegåande, men ein person er ført til Voss sjukehus for sjekk, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Tatiana Knappen.

Årsak til ulukka er uvisst førebels.

– Det vert avhøyr når det let seg gjere, seier Knappen.

Powered by Labrador CMS