Vikafjellet vart stengd grunna snøras - igjen

Publisert

Kvart over fem onsdag ettermiddag melde vegtrafikksentralen at det igjen hadde gått eit mindre snøras på riksveg 13 over Vikafjellet.

Dette skal ha skjedd på akkurat same plassen som tidlegare på dagen, ved Skjelingavatnet.

– Det skal etter medingane vera fort gjort å få rydda, skriv dei på Twitter.

Og det var det òg, for klokka 18:06 melder dei at vegen igjen er opna.

Powered by Labrador CMS