Etter å ha lese meiningsinnlegget til Bjørn Thomas Haugen, leiar i Høgre, angåande nytt Helse- og Omsorgsenter i Årdal kommune, ser eg at éin endeleg torer å gå ut offentleg og kalla ein spade for ein spade.

Dette som Ap no har vedteke, syner enno ein gong kor lite framtidsretta og fornuftig avgjersla er.

Enno ein gong er det bestemt at ein vel å sjå vekk frå fagleg tilråding, og frå eit velrenommert selskap som Norconsult sine tilrådingar.

Dei vel som så mange gonger før å skuva framtidige problem fram føre seg, og går for dei nest beste løysingane, og ikkje minst gje etter for lokalt press.

Eg hadde håpa og trudd at det denne gongen vart laga alvor i å samordna helsetenester, fagmiljø, og effektivisera bygningsmassen i kommunen. Men diverre er me framleis i same sporet som så mange gonger tidligare.

Eg har problem med å forstå at her er samordning av vesentleg grad, korleis skal ein greia få ned driftsutgiftene så det monner når ein likevel skal halda att éin stor del av det. Som lett kunne vore innlemma i det nye Helse- og omsorgsenteret, som AP no går inn for.

Dei tenkjer ikkje framtidsretta nok med eit prosjekt som vert rimelegast i dag - i morgon - og om me er heldige ein, to, tre år fram i tid. Så får problema koma når dei kjem som så mange gonger før.

Og til ein heilt anna pris.

Enno ein gong har Arbeidarpartiet, som så mange gonger før, teke avgjersla for oss alle.