Ja folkens. Da er det klart. Årdal Høgre ønsker å bygge nytt omsorgssenter til nesten 600 millionar. Sekshundremillionar! Det er mykje pengar. Bjørn Thomas Haugen i Årdal Høgre meiner vi må ta oss råd til dette. Tenester skal samlokaliserast og Årdal Høgre meiner at politikarane ikkje skal sette nokon avgrensingar på forslaga som kjem på bordet. Årdal Høgre meiner vi bør oppmode administrasjon og konsulentar til å sjå vekk frå vedtekne økonomi og handlingsplanar. Med himmelen som grense vil Årdal Høgre planlegge nytt omsorgssenter.

Så var det diskusjonen om geografisk plassering. Når du ikkje har kontroll på talla så er kanskje det enklaste å avleie årdølene med den bygdeinterne diskusjonen. For faktum er at Høgre ikkje har kontroll på talla i denne saka. No skal du høyre. Årdal Kommune har i sin vedtekne økonomi og handlingsplan satt av å kunne låne inntil 313 millionar for å finansiere eit nytt omsorgssenter. Denne planen vart samrøystes vedteken av kommunestyret desember 2023.

Dette er alt vi har. Eit lån på 313 millionar. Helst mindre og iallfall ikkje meir. Vi skal jo ha råd til andre ting og. Det kjem vi tilbake til.

Men utfordringa er at eit omsorgssenter sannsynlegvis vil koste langt meir. Kalkylen som ligg føre i skisseprosjektet antydar 565 millionar utan legekontor eller 595 millionar med legekontor. Summane er rekna ut i ei basiskalkyle. Dette er ei veldig forenkla kalkyle basert på estimat med mykje usikkerheit. Når me no går vidare til forprosjektet så får me vite kva det verkeleg vil koste. Dei færraste trur det blir billigare. Mest sannsynleg er byggekostnaden ein del høgare når alt er teke om omsyn til.

Men greitt nok. Årdal Kommune har satt av å kunne investere 313 millionar til nytt omsorgssenter. Vi manglar om lag 250 til 300 millionar. Høgre hevdar at staten vil dekke opp differansen gjennom tilskot frå Husbanken. Men så flott – problemet er løyst! Eller? Faktum er at vi i dag ikkje veit noko om størrelsen på tilskotet eit slikt prosjekt vil få. Men om Årdal Høgre meiner at staten vil gi oss oppunder 300 millionar i støtte – ja så er jo det heilt fantastisk. Kor skal vi skrive under – det bør me gjere med ein gong. Men OK. Vi får kanskje ikkje 300 millionar frå staten. Men Høgre har løysinga på dette og. La oss i tillegg bruka alle inntektene vi får frå overskotet i Årdal Energi Holding. Verdiar som tilhøyrer fellesskapet og alle innbyggarar – unge så vel som eldre. Verdiar som skal skape nye verdiar. Verdiar som skal gje oss handlingsrom.

Her forslår altså Årdal Høgre og Bjørn Thomas Haugen at me skrapa saman omtrent det me har av midlar for og bruke alt samen på ei enkelt investering innan eit tenesteområde. Utan tanke eller plan for at vi treng pengar til andre investeringar i åra som kjem. Og greia er at Bjørn Thomas Haugen i Årdal Høgre faktisk ikkje kan garantere for ei einaste krone – det er og blir synsing. Ingenting som gjeld finansiering er utreia enno og ingen veit kor mykje støtte eit slikt prosjekt får. Derfor har Arbeidarpartiet satt krav til ein finansieringsplan som skal syne kva dette vil koste og korleis det skal dekkast.

I saka med ny omsorgssenter har eit samla Årdal Arbeidarparti landa på at vi ønsker å utreie moglegheitene for å bygge eit komplett omsorgssenter utan legekontor. Og med trykk på å utreie – for økonomien i dette må avklarast. Når det gjeld meirkostnaden for å bygge eit legekontor så er inntrykket frå Høgre at vi her snakkar om lommerusk. For kva er vel 30 millionar i eit så stort prosjekt. Kva får ein for 30 millionar i dag da? Sannsynlegvis hadde 30 millionar vore nok til rehabilitere eit eller fleire idrettsanlegg og kanskje enno hatt pengar til overs.

For den røynde lesar så håper eg at ein les gjennom linjene her. Årdal Arbeidarparti ønsker å føre ein ansvarleg økonomisk politikk. Ei så stor investering vi snakkar om her vil påverke kommunen si evne til og gjennomføre andre ting. Vi har eldre skulebygg og idrettsanlegg med eit stort etterslep på vedlikehald. Modernisering og endringar innan skule og barnehage vil ikkje bli gratis. Dette skriv også Årdal Kommune sjølv i sin økonomi og handlingsplan, som peikar på at investeringar til omsorgssenter samt plan for nytt felles skule- og barnehagebygg utgjer 73% prosent av investeringane i perioden 2024 til 2027.

For å halde innbyggartalet oppe er det viktig at vi har råd til å modernisere skule og barnehagar, støtte opp om næringslivet samt utvikle gode aktivitetstilbod til barn og unge. Og sjølvsagt skal vi legge til rette for ein god eldreomsorg også. Og la det ikkje være tvil; Dei tilsette innan helse og omsorg i Årdal Kommune gjer ein fantastisk jobb!

Til slutt. Det handlar ikkje om at Arbeiderpartiet skal bestemme for oss alle. Det slepp vi. Det blir økonomien i dette som bestemmer for oss alle.