Det er lov å drøyme. Det gjer me alle. Draumar er utgangspunkt for gode idear, prosjekt og utvikling av samfunnet vårt. Det har eg sett på nært hald gjennom nær 20 år i bank der eg har finansiert små og store draumar til lokale bedriftskundar.

I arbeidet med å avdekke risiko og finne løysing til finansiering av draumen, var det to viktige spørsmål som måtte avklarast så tidleg som mogleg og som er like vesentleg å stille når det gjeld det nye omsorgssenteret:

  • Korleis skal prosjektet eller forretningsideen finansierast?

  • Er det tilstrekkeleg midlar til å betale renter og avdrag?

Omsorgssenteret er ikkje fullfinansiert

Me ser at summen av investeringstilskot frå Husbanken (ca. 144 millionar) og låneopptak i økonomi- og handlingsplan (313 millionar), ikkje er i nærleiken av å dekke kalkylene frå 500-595 millionar som kjem fram i skisseprosjektet.

Konsulentane frå Norconsult stadfestar i tillegg at dette er grovkalkyler som kjem til å auke i forprosjektet.

Ut frå dette, er det vårt ansvar som politikarar å seie frå om at prosjektet må nedskalerast for å vere mogleg å realisere innanfor vedteken økonomi- og handlingsplan.

Økonomi- og handlingsplan vart samrøystes vedteke i kommunestyre desember 2023.

For å redusere totalkostnad, tilrår Årdal Arbeidarparti følgjande justeringar:

  • Vurdere overflateparkering på Festplassen i staden for parkeringskjellar

  • Vurdere bygg i 4 etasjar i staden for 3

  • Nytte så lite tilleggsareal som mogleg

  • Legekontor skal ikkje vere del av omsorgssenter

Det er ikkje rom for sjansespel og høg risiko

Årdal kommune er i ein krevjande økonomisk situasjon og skal spare nær 45 millionar kroner i perioden 2024-2027. Prosjektmandatet vart samrøystes vedteke i kommunestyre i januar 2024.

Sjølv med desse innsparingane, viser økonomi- og handlingsplan at kommunen kun sit att med eit netto driftsresultat på 2,8 millionar etter at renter og avdrag er betalt i 2027.

Dette tilsvarar 0,4 % av driftsinntekter og er langt lågare enn dei statlege tilrådingane som seier at kommunar bør ha netto driftsresultat på minimum 1,75% av driftsinntekter for å ha ein sunn økonomi.

Dette fortel noko om kor lite handlingsrommet til Årdal kommune er. Det er ikkje rom for å låne meir enn 313 millionar til omsorgssenteret.

Konsekvensane kan bli at investeringar til skule, barnehage, vedlikehald av kommunale bygg og idrettshallar der me har store etterslep ikkje vert gjennomført.

Det er difor viktig for Årdal Arbeidarparti at vedteken økonomi- og handlingsplan er rettesnora for økonomien i prosjektet.

Det skal og utarbeidast ein plan for etterbruk av bygga som vert fråflytta slik at me ikkje risikerer å bli sittande med driftskostnader for både nytt omsorgssenter, sjukeheim i Seimsdalen og sjukeheim på Årdalstangen.

Kostnader ved etterbruk, ombygging eller sanering skal vurderast i forprosjektet.

Det handlar om Årdal si framtid

Eg drøymer om at folketalet i Årdal held fram med å auke.

Eg drøymer om at fleire skal oppdage kor fantastisk godt me har det her i kommunen og kor mange spennande arbeidsplassar som finst her.

Eg drøymer om at me skal tilrettelegge slik at tilflyttarar kan prøvebu her i ein periode i moderne leilighetar før dei tek avgjerda om å kjøpe eigen bustad. Skule, barnehage og idrettsanlegg er viktige faktorar som aukar bulysta.

Eg drøymer om at me skal ta vare på dei eldre som treng plass på omsorgssenter men og tilrettelegge for at flest mogleg eldre skal få bu heime så lenge dei kan og ynskjer.

Viss me no set oss sjølve i ein situasjon der me risikerer at eit nytt omsorgssenter blir så kostbart og omfattande at me må prioritere vekk andre investeringar, så set me samtidig Årdal si framtid i spel.