Leiar i Årdal Høgre, Bjørn Thomas Haugen, har gjort seg «nokre tankar» rundt saka om nytt omsorgssenter i Årdal. I den forbindelse har han og nokre kommentarar rundt underteikna si rolle som ordførar.

Dette er godt innanfor det eg må tole, men eg vil likevel kommentere nokre av påstandane.

At underteikna opptrer respektlaust vil eg tilbakevise på det sterkaste. Eg har alltid hatt, og kjem alltid til å ha, den største respekten for det arbeidet dei fantastiske tilsette i Årdal kommune legg ned kvar einaste dag.

Kommentaren om «ei pølse i slaktetida» er journalisten si skildring og ikkje eit uttrykk underteikna nokon gong har brukt.

Påstanden til leiaren i Årdal Høgre om at dette handlar om Øvre/Tangen er heilt håplaus. Det er eit samla Årdal Arbeidarparti som tek omsyn til den økonomiske stoda og heilskapen til Årdal kommune inn i framtida!

Fakta

Eit par av eksempla leiaren i Høgre viser til er direkte feil. Når det gjeld tilskot frå Husbanken er det, etter kontakt med Husbanken og slik prosjektet ligg i dag, ein kan forvente om lag 144 millionar kroner og ikkje 300 millionar som det blir påstått frå leiaren i Høgre.

Når det gjeld bruken av utbytte frå Årdal Energi Holding AS må dette også kommenterast. For det første er det usikkerheit knytt til kor mykje ein får i utbytte i frå år til år. I tillegg så må det diskuterast om det er rett at alle pengane frå utbyttet skal gå til ei sak.

Utbyttet er i dag den viktigaste faktoren til å bygge opp dei økonomiske reservane våre i form av fond.

Skisseprosjektet sitt alternativ 1 er estimert med ei kostnadsramme på 595 millionar kroner. Denne vil, viser all erfaring, bli vesentleg høgare. Dette bekrefta prosjektgruppa på folkemøta som vart halde i kulturhuset og kinosalen.

Det er ikkje urealistisk at ein kan komme opp i rundt 800 millionar kroner.

Den økonomiske situasjonen til Årdal kommune er svært krevjande. Det er vedtatt eit prosjekt for å ta ned kostnadene med om lag 43,9 millionar dei neste fire åra. Dette ligg inne i økonomi- og handlingsplanen, og skulle det vise seg at ein ikkje greier å nå målet om kostnadsreduksjon blir planen endå meir krevjande enn det som ligg føre no.

I desember vedtok kommunestyret, slik ein gjer kvart år, budsjett for 2024 og økonomi- og handlingsplan for dei neste fire åra. I økonomi- og handlingsplanen i perioden 2024 – 2027 er det sett av 313 millionar kroner til nytt omsorgssenter.

Eit samrøystes kommunestyre vedtok budsjett 2024 og økonomi- og handlingsplan 2024 - 2027. Samrøystes betyr at alle 21 representantar, 15 frå Ap og 6 frå Høgre, røysta for dette.

Dette er det me i Årdal AP meiner må vere rettesnora for prosjektet. Tek ein med tilskotet frå Husbanken vil ein då ha om lag 457 millionar til rådvelde til eit nytt omsorgssenter. Dette er sjølvsagt berre omtrentlege tal på dette stadiet.

For å redusere totalkostnad, tilrår Årdal Arbeidarparti følgjande justeringar:

  • Vurdere overflateparkering på Festplassen i staden for parkeringskjellar

  • Vurdere bygg i 4 etasjar i staden for 3

  • Nytte så lite tilleggsareal som mogleg

  • Legekontor skal ikkje vere del av omsorgssenteret

Dette er grep som, saman med å følgje ramma som er avsett i økonomi- og handlingsplan, kuttar kostnadane til prosjektet med langt over 100 millionar, og ikkje «berre 5 %» som leiaren i Årdal Høgre brukar som eksempel i sitt innlegg.

Me kan ikkje bruke heile det økonomiske handlingsrommet vårt som, i følgje økonomi og handlingsplanen i perioden, er 523,4 millionar kroner. Det vil gå ut over born, unge, skular, barnehagar, vedlikehald, frivillige organisasjonar, ungdomsklubbar m.m.

Rolla til oss politikarar

Å vere politikar er eit stort ansvar. Me er ansvarlege for å forvalte innbyggarane sine pengar og å sørge for at kommunen yter tenester til det beste for innbyggarane våre.

Det må gjerast på ein ansvarleg og skikkeleg måte.

Me skal lytte til faglege råd, men samstundes har me ansvaret for heilskapen. Både dei økonomiske realitetane og ikkje minst tenester som alle innbyggarar i Årdal skal ha, frå vogge til grav.

Dei faglege råda som ligg føre i ei kvar sak må vurderast opp mot heilskapen i det økonomiske og dei planane kommunen har for framtida, som t.d. er skissert i Samfunnsplanen til kommunen.

Kva ynskjer Årdal Arbeidarparti?

Årdal Arbeidarparti ynskjer at me skal bygge eit framtidsretta omsorgssenter, som bidrar til omlegginga av helse- og omsorgstenestene som ein allereie er i gong med.

Me ynskjer i utgangspunktet å samle flest mogeleg av tenestene innanfor sektoren. Men det må vere innanfor økonomiske rammer som kommunen toler og det må ta i vare heilskapen til tenestene kommunen skal levere.

Viss ein ikkje klarer å halde seg innanfor den økonomiske ramma må ein prioritere kva tenester ein skal samle i forhold til kva som er både fagleg tilrådeleg og det som gjev oss dei største innsparingane på drift.

At det er usemje i politikken er både sunt og engasjerande. Men samstundes er det slik at me har den same pengesekken. Me vil derfor utfordre Høgre på kva dei meiner økonomien til Årdal kommune toler?

Kva andre prosjekt vil dei nedprioritere, all den tid dei varslar at dei vil bygge eit omsorgssenter heilt uavhengig av kva kostnaden blir? Ynskjer ein å bli del av den berømte ROBEK-lista?

Høgre er tradisjonelt eit svært ansvarleg parti. Men den politikken Årdal Høgre forfektar her, er direkte uansvarleg.

Omsorg

  • Årdal Arbeidarparti har omsorg for eit nytt omsorgssenter.

  • Årdal Arbeidarparti har omsorg for dei eldre som er/skal vere heimebuande.

  • Årdal Arbeidarparti har omsorg for barn og unge, skular og barnehagar.

  • Årdal Arbeidarparti har omsorg for vedlikehald av bygg, modernisering av Årdalstangen- og Jotun Stadion.

  • Årdal Arbeidarparti har omsorg for å sørge for at Årdal er ein attraktiv kommune å bu og arbeide i.

  • Årdal Arbeidarparti har omsorg for framtida til Årdal.

Denne omsorga kan ein ikkje utøve viss ein ikkje har økonomiske rammer til å gjennomføre tiltak i allereie vedtekne planar.

Me ynskjer at dette skal vere ei positiv sak der ein riggar helse- og omsorgstenestene for framtida samstundes som ein tar i vare alle dei andre oppgåvene/tenestene ein kommune skal levere til innbyggjarane.