Måndag fekk politiet eit tips frå helga som var, kan Ørjan Eraker, førstepolitibetjent og etterforskingsleiar i Lærdal, fortelje.

– Det kom inn eit tips om at det var eksplosjon eller smell frå skuleområdet i Lærdal.

Truleg har det vore nokre ungdomar som har leika seg.

– Saka er under etterforsking, og me vil snakke med skulen for å høyre om dei kan vere kjend med saka.