– Prosjektet synar god bevaring gjennom bruk, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.

Målet med prosjektet er å leggja til rette for kopling mellom eldre kraftinstallasjonar og reiselivsbedrifter.

Dette skal gjera det enklare å nå kulturminne som i dag er vanskeleg tilgjengeleg for publikum, slik at industriarven kan bli ein del av nye opplevingsprodukt i reiselivet.

Ein grunnleggjande føresetnad for arbeidet er at dei nyttar lokale aktørar for å skapa eigarskap og gi identitet til opplevingane.

Dette kjem fram i ei melding frå riksantikvaren.

Fleire prosjekt

Tidlegare har Riksantikvaren gitt tilskot til forprosjekt med 100 000 kroner i 2020, tilskot til første prosjektår i 2021 med 800 000 kroner og tilskot til andre prosjektår med 600 000 i 2023.

Prosjektet har utvikla produktpakker, marketsføring og formidling av vasskrafthistoria, mellom anna fire geografiske turforslag som koplar på reiselivsaktørane som deltar i prosjektet.

Dei fire turforslaga er Hardanger (Tyssedal, Odda, Ullensvang og Eidfjord), Sognefjorden (Høyanger og Årdal), Ryfylke (Flørli, Sauda og Suldal) og Jøssingfjorden.

Tilskotet prosjektet får i 2024 vil gå til å vidareutvikla opplevingsprodukta.

– Vi ber om at fylkeskommunane også prioriterer dokumentasjon, kunnskapsutvikling og læring i prosjektavslutninga, seier Skeidsvoll.

– Dette er eit prosjekt som mange kan lære av for å styrke kulturmiljø som eit reiselivsmål.