Peppes Pizza tek over lokala etter Brasa, det melder Einarsen Eigedom i ei pressemelding torsdag kveld.
Einarsen Eigedom har lagt til rette for at Peppes Pizza kan flytte inn i dei ledige restaurantlokala i Bankbygget.
«Dette blir eit nytt tilskot i restaurantbransjen i Sogndal, og sogningane kan no sjå fram til å nyte Peppes sine klassiske pizzaer og hyggelege atmosfære», står det i meldinga.
– Me ser verkeleg fram til å opne i Sogndal og ynskje lokalbefolkninga velkomen, seier Håvar Hansen, sjef for Peppes Pizza.
Han held fram:
– Det blir spennande å komme inn i ein marknad som Sogndal der det i tillegg til studentane, er god folketalsvekst og ikkje minst at Sogndal er handelssentrum i Sogn med stort tiltrekkingskraft.
Frode Einarsen, dagleg leiar i Einarsen Eigedom er svært positiv til etableringa.
– Over mange år har me hatt ein god dialog med leiinga i Peppes, og fleire lokasjonar har blitt vurderte. No får Peppes plass i eit av Sogndals mest kjente og monumentale bygg.
– Me er sikre på at Peppes vil bli ein attraktiv møteplass som appellerer til dei fleste sogningar.
Det vil no søkast etter nokon som vil drive restauranten gjennom franchising.