Klokka 10:47 fredag kom det melding om ei front mot front ulukke på E39 i Jølster.

Det skriv Vest politidistrikt.

Ulukka skjedde ved Juklestad mellom Førde og Skei i Sunnfjord.

To bilar var involverte med totalt fem personar. Skadeomfanget er førebels ukjend, men politiet omtalar hendinga som alvorleg.

To personar er køyrd til Førde sentralsjukehus i ambulanse. Ein er frakta med luftambulanse.

Alle involverte fekk tilsyn av helse før dei vart sendt vidare til Førde.

I 12-tida er eitt køyrefelt opna for manuell dirigering.