- Ambulansebåten blir liggande i Høyanger til situasjonen har normalisert seg, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov i ei melding.
Han opplyser at båten utførte eitt oppdrag i natt.
Riksveg 55 er stengd både mellom Kyrkjebø og Høyanger sentrum og i Esefjorden i Sogndal kommune.
Helse Førde avgjorde å flytta båten innover fjorden både med tanke på Høyanger sentrum og for å vere i beredskap med tanke på andre innestengde grender langs Sognefjorden.
Både kommunehelsetenesta og kommuneleiinga i Høyanger og Sogndal er informerte.
I Høyanger valde kommunen også å etablere eiga legevakt då eit ras stengde riksvegen like aust om Nordeide ferjekai like før klokka 19.00 fredag kveld.
Helse Førde har i tillegg bemanna opp reserveambulansebåten. Den ligg ved kai på Hardbakke og ivareteke beredskapen i Solund.