I halv sju tida vert det set i verk ein redningsaksjon i Uradalen då det er bekymring for ein turgåar som ikkje har kome fram til turisthytta han skulle til.

Det melder Vest politidistrikt klokka 20:53 onsdag. Dei melder om krevjande terreng i området.

Politi, frivillige, og redningshelikopter søkjer etter turgåaren.

Uradalen ligg nordvest for Tyin.

I følgje NRK var mannen på veg på ski til Fondsbu turisthytte

– Han har framleis ikkje kome fram, og på bakgrunn av det blir me bekymra og har difor set i verk ein redningsaksjon, seier operasjonsleiar Ingrid Teigland Tepstad til NRK.

I 22-tida melder politiet at mannen er funnen av Røde Kors i god behald.