– Det blir ikkje den beste påskehelga, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid til Porten onsdag formiddag.

Så langt har årets påskeferie vore lite spenstig. Finvêret har kome og gått, og skiføret har vore heilt innafor.

For dei mest skiglade av oss blir det ikkje så mykje betre dei komande dagane.

– Det kjem til å kome litt meir vind og snø i fjella enn det vil i låglandet, seier Fagerlid, som ikkje kan garantere det beste føre i fjella.

– Det er ikkje det beste vêret for dei lengste skiturane.

Verken i fjella eller i låglandet vil det kome særleg med sol torsdag og fredag, men laurdagen er det håp.

– Både onsdag og torsdag vil det nok kome litt regn, men så vil det også vera nokså mildt. Temperaturen vil ligga på rundt 10–13 grader.

Fram til neste veke vil det likevel vera mest opphaldsvêr i låglandet.

– Laurdag vil det kome ein del sol og opphaldsvêr før det kjem litt regn i løpet av søndagen.

Dei fleste i Sogn vil altså sjå sola i løpet av laurdagen.

– Alt i alt blir det ein heilt OK påske.