Like over klokka 22:00 laurdag kveld fekk Vest politidistrikt melding om eit mogleg funn av ein omkomen person ved Rauddalsbandet i Luster kommune.

To personar hadde kome seg inn på Olavsbu turisthytte og opplyst om at dei hadde observert ein livlaus person.

Det viste seg seinare at personen hadde blitt teken av eit snøskred, men var i live.

Politiet vart varsla av HRS og redningsaksjon vart set i verk. Frivillige frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp vart kalla ut, samt redningshelikopter frå Florø.

Like før midnatt hadde redningshelikopteret plukka opp mannen. Han var våken, kald, og vart frakta til sjukehuset i Førde for vidare undersøking.

Han skal vera i god form, og det er ikkje meldt om eventuelle personskader.

Det viste seg at mannen var saman med dei to som varsla om hendinga. Det frivillige mannskapet er på veg tilbake.