To køyretøy er involvert i ei trafikkulukke ved Hafslovatnet i Luster kommune, det melder Vest politidistrikt på Twitter klokka 18:13 tysdag.
Eit køyretøy er påkøyrd bakfrå og det er totalt tre personar involverte. Politiet melder om mogleg lekkasje frå eit av køyretøya. Er ikkje meldt om personskader.
Naudetatane er på veg.