Påska er like rundt hjørna og for mange byrjar påskeferien allereie på fredag. Meteorologen har diverre ikkje dei beste spådommane for dei komande dagane.

– Dagen i dag var fin, men så kjem torsdagen og då vil det koma ein front med både vind og mykje vêr, fortel vakthavande meteorolog Alexander Skeltved.

I følgje han kan det kome sterk kuling frå vest og då kan me gjennom torsdag ettermiddag få litt regn - til og med snø.

– Ver obs

I tillegg til moglegheitar for snø er det også sendt ut snøfokkvarsel ned til 600 meter.

Det kan altså bli litt røft vêr dei komande dagane.

– Med stiv og sterk kuling så kan det skape litt dårlege forhold. Så det blir ein litt røff start på påska.

På måndagen kan det heldigvis sjå ut som om vêret snur til det betre, men det er ikkje hundre prosent sikkert.

– Då vil det nok klarna opp, og det vil bli betrakteleg mindre regn og snø i høgare strøk.

Ikkje den beste påska

Meteorologen har ei klar oppfordring til dei som har tenkt seg på fjellet allereie fredag.

– Ein må vera obs både fredag og laurdag. Dei som har tenkt seg ut fredag lyt tenkje seg om. Kanskje er det betre å vente til laurdagen.

Sjølve påskeveka er meir usikker seier Skeltved, då vêret kan slå begge vegar frå dag til dag.

– Ikkje den beste påska i manns minne?

– Nei, det blir den nok ikkje, men den blir nok heilt OK.