Laurdag kveld forsøkte ein gjeng med ungdomar å ta seg inn på Kvåle skule i Sogndal.

Dei skal ha forsøkt å kome seg inn gjennom eit vindauge fortel Marit Breistøl, politistasjonssjef i Lærdal, Årdal og Aurland.

Dette skal ha skjedd i 22-tida.

– Då politiet kom på staden var det ingenting som tilsa att noko var øydelagd eller stole, fortel Breistøl.

Rektor ved skulen er kopla på og vil følgje opp saka.