Det var ein som heiter Christian, ein gardsven og familieven av oss, som konstaterte dette førre dagen.

Anledninga var at eg delte ei hending frå natta før.

Eg hadde gjennomført mi faste lammevakt, ein god time etter midnatt, og då eg kom trøytt og klar for senga ut frå fjøset, så stira eg rett inn i auga på eit av dei andre husdyra våre.

Eit høglandsfe.

Den kjensla eg fekk då, kan ikkje beskrivast.

Frå før så var eg ganske fortumla, for lamminga har gått føre seg i snart to veker no. Og eg lengta berre etter senga. Skrekken var kanskje difor enda større.

Mannen min låg inne og skulle ha ei soveøkt, før han tok over nattearbeidet, så eg hadde lite lyst å vekke han.

Sidan eg har liten og ingen erfaring med å flytte høglandsfe åleine, så måtte eg melde frå.

Dyrepsykologi

Det var i midt i denne historieforteljinga, under frukosten dagen etter, at eg uffa meg over desse husdyra våre som alltid må gå der dei ikkje skal gå.

Som eg sa til Christian:

– Kvifor må dei gå ned der når dei har fullt av for der dei skal gå?

Då svara Christian enkelt og greitt: – Graset er alltid grønare på andre sida.

Det er basis dyrepsykologi.

Brått var alt eg har trudd på når det gjeld dette ordtaket snudd på hovudet.

Eg har jo tenkt motsett.

Men kanskje det høylandsfea våre som verkeleg har skjønt det. For når eg sjekka etter frukosten, så var faktisk foret nede ved fjøsen betre enn det dei hadde oppå jordet.

Om ikkje anna så kan eg kanskje slutte å irritere meg over at dei ikkje held seg der dei skal.

Dei vil berre ha det beste dei kan få.