Det er Bergens Tidende som fyrst omtalte saka.
Dei skriv at politiet meiner at brannen den 28. mai på ein gard i Lærdal starta i nærleiken av eit sikringsskap. Eksplosjonane som vart høyrd kom truleg frå gassflasker eller tankar.
Vidare skriv dei at to personar har fått status som mistenkte i avhøyr. Dette skal vere ein rein formalitet fordi årsaka til brannen ikkje er kjend. Politiadvokat Aleksander Milde understrekar ifølgje BT at det ikkje er mistanke om noko straffbart.
Me oppdaterer saka.