– Me er såpass fornøgde med korleis ting no ser ut at me vil at så mange som mogleg skal få med seg «nye» Porten.

Det seier ansvarleg redaktør Lasse Styve Andersen som tysdag kunne melde overgang til heilt nye system for lokalavisa.

Då Porten gjekk over på nye system i 2021 kunne ein lese Porten gratis i nokre døgn - denne gongen opnar redaksjonen opp nettavisa i ei heil veke.

Nettavisa har faktisk vore open sidan den gjekk live tysdag morgon.

– No kan alle som er nysgjerrige på kva Porten har på kome med lese alt av innhald, både nytt og gamalt, fram til og med måndag neste veke, fortel Andersen.

Då skrur Porten på ei heilt ny betalingsløysing - det betyr at du som lesar kan nytte din Schibsted-konto til å logge på Porten. Det er den same innnloggingen dei fleste allereie nyttar til både Finn.no og VG.

– Me veit at mange har hatt problem med å logge seg inn på Porten. Me håpar at den nye betalingsløysinga kan vera starten på ein betre brukaropplevelse.

– Det skal trass alt vera enkelt å lesa avisa.

Mykje nytt

Med nye system kjem det også mykje nytt på Porten. Det splitter nye nyheitsstudioet er allereie live på nettsida.

Her vil det kome raske oppdateringar fortløpande gjennom dagen slik at du alltid er oppdatert på siste nytt.

– Dette gjer det i all hovudsak enklare for oss i redaksjonen å kome med oppdateringar. På den måten kan me disponera tida vår betre og får meir tid på dei lengre sakene me jobbar med.

I starten vil det vera mykje av det same ein er vandt med på Porten, men på kort tid vil det bli meir video og lyd - utan at redaktøren kan lova det heilt enno.

– Me ynskjer å tilby eit variert nyheitsprodukt til lesarane våre, og det kjem me til å få moglegheita til no. Så håpar eg at fleire ynskjer å hoppe på Porten-toget no og vera med oss mens me blir større og betre.

Om kort tid vil også nyheitsappen vera klar til nedlastning - då blir det enda enklare å både logge inn og lese Porten.

– Når appen kjem rundt månadsskiftet november/desember så skal me stå klare til å hjelpa dei som treng det - det same gjeld når me skiftar betalingsløysing neste veka. Det er alltid hjelp å få i Porten.